tirsdag 11. september 2012

Demonstrasjonane mot PA held fram

Nokon er meir skvetne en andre


I går nådde demonstrasjonane ein førebels høgdepunkt. Her i Beit Ommar var det skuleungdom som stod for demonstrasjonen. Sjølv om demonstrasjonen var meint å vere mot Salam Fayyad og PA, tok dei ut frustrasjonen mot dei israelske okkupasjonstyrkane. Ein litt surrealistisk kombinasjon, der dei retta plakatar og rop mot PA og brann bildekk og kasta stein mot dei israelske okkupasjonstyrkane.

I Hebron samla det seg store folkemender mot Fayyad og PA, men etter det me fekk rapportert av jordansk tv, gjekk det greitt føre seg. Det gjorde det ikkje i Nablus der palestinsk politi rykka ut med skjold og køller. Både politimenn og demonstrantar vart såra, og dei me sat og såg tv med byrja å snakke om ein tredje intifada mot PA.
Bildekk som brenn er fasinerande :o)

Kva i alle dagar desse soldatane skulle opp på dette taket for 
forstår ikkje eg

Salam Fayyad er det ingen i Palestina som stør. I alle høve ingen eg har møtt. Han er innsett av USA, og vert omtala som ein landssvikar. I det heile bruker dei store ord her. Måten Abu Mazen har gått ut for å stø Fayyad er veldig upopulær her, og folk seier Abu Mazen kjem til å gå med i fallet om det ikkje kjem nokon løysing snart. Slik eg ser det er det underleg at Abu Mazen ikkje berre ofrar Salam Fayyad. Palestinarane seier det er av di Abu Mazen ikkje har makt til å gjere noko slikt. Berre USA kan fjerne Fayyad, seier dei, og meir enn ymtar at han er marionettdokke for USA.

Missnøya mot Abu Mazen og forhandlingslina stig, og mange er frustrerte over at han enno ikkje har noko som helst å syne til av resultat frå forhandlingane. Påstanden frå PA om at dei er tom for pengar er det liten tillit til, og folk spekulerer i om Abu Mazen ynskjer dette opprøret velkomen. Det skal ikkje mykje til for å tenkje seg at Abu Mazen no reiser rundt i verda og peiker på opprøret medan han ber om meir pengar. Utan Abu Mazen er det slutt på forhandlingslina.

I dag har Fayyad gått ut og lova å kutte meirverdavgifta til 15% (frå 17%) og at drivstoffprisane skal ned på augustnivå att frå og med neste månad. Vidare lovar han at alle offentleg tilsette skal få halvparten av si lønning i morgon og resten i slutten av veka. Dei eg har snakka med til no er skeptiske, og trur Fayyad freistar å kjøpe tid. Me får sjå.