lørdag 20. oktober 2012

Vatn 2

Dei fleste eg møter her prøver å leve så normalt som mogleg trass okkupasjonen. Når dei snakkar med meg er det gjerne heilt andre ting som interesserer dei. Hoppet til Felix Baumgartner til dømes.

Difor tek det tid å kartleggje alle detaljane rundt vassituasjonen. Fyrst då eg i ein samtale nemnte at me gjekk tom for vatn, kunne ein lokal gut i byrjinga av 20åra fortelje oss at "vatnet kjem onsdag. På natta." Han fortalde at dei må stå opp på natta for å fylle tankane manuelt. "Den dagen kan me ta ein lang dusj", la han til. Vatn får Palestinarane i denne landsbyen berre ein dag i veka.

Samstundes har dei ulovlege kolonistane rundt landsbyen nærast uavgrensa tilgang på vatn 24/7. Vatn dei stel frå grunnvatnet i den okkuperte Vestbreidda. Vatnet bruker dei mellom anna til å dyrke fine appelsinar og annan fin frukt, som dei kan eksportere til Noreg. Tjuvgods!

Me merker det ikkje på langt nær så mykje som folk flest i landsbyen. Me har eit automatisk system for å fylle tankane på taket den eine dagen i veka me får vatn, og merkar me ikkje noko før tanken er tom. Det skjer kvar gong me er fleire enn fem her. Sjølv då har me ekstra vatn i bakhand av di denne ekstraordinært priviligerte familien har ein brønn i tillegg til to dyre vassbaseng dei samlar regnvatn i.