tirsdag 23. oktober 2012

Vatn 3

Palestinske heimar må ha slike vasstankar på taket.
Elles ser me òg at eg må lære meg å halde kameraet rett.

I Noreg ser me vatn som noko sjølvsagt. I midtausten er det annleis. Alt handlar om vatn. Tilgang på vatn har ikkje minst avgjort kvar menneske slo seg ned og bygde landsbyar. Medan Israel byggjer nye ulovlege koloniar på fjelltoppar for å få militært overtak, og borer djupe brønnar etter vatn med moderne teknologi, bygde Palestinarane dei fleste av sine landsbyar nedst i fjellsida for mange hundre, av og til tusnar av, år sidan. Nett for å få tilgang på vatn, og grunna nærleik til den dyrkbare jorda[1].

Vestbreidda er eigentleg rikt på vatn. Ein kort, men intens regnsesong gjev mykje vatn som raskt renner ned i dalane, før det passerer gjennom den spesielle bergarten dei har over alt her. Vatnet stoppar når det møter ein meir kompakt bergart, og samlar seg under heile Vestbreidda, Frå sør til nord, nærast som ei stor elv under bakken. Det er ikkje tilfeldig at Bibelen omtaler dette som eit land som flyt over av mjølk og honning. Palestina er fruktbart og frukttre er å sjå over alt kor det bur folk. I det heile er det mykje grønt å sjå.

Utan god tilgang på vatn vert livet vanskeleg. Difor er nett regulering av vatn ein effektiv strategi for å strupe det palestinske folket. Difor har Israel nekta palestinarane å lage ein einaste ny brønn sidan 1967. Difor har Israel sjølv nesten fullstendig kontroll over vassressursane under bakken på Vestbreidda. Vatnet tek dei for det meste sjølv[2]; mellom anna til folkerettstridige koloniar over alt på Vestbreidda, inkludert plantasjar i Jordandalen. Dette er simpelt tjuveri, og difor er det ganske enkelt heleri når ein kjøper frukt og blomster frå Israel.

Samstundes nektar Israel Palestina å fikse vassrøyr i Area C(over 60% av Vestbreidda). Dimed går store deler av vatnet palestinarane får tapt i vasslekkasjar. Ny infrastruktur i Area C har dei sjølvsagt heller ikkje lov til å byggje.

Eit smart hol i taket.
Jordanelva er vekke. Elva der Johannes døypte Jesus, i Bibelen framstilt som ei stor og mektig elv, har Israel knabba og leia vekk til israelsk landbruk. Nord for Vestbredda er elva fin og frisk, men det meste av vatnet er leia vekk før det når Vestbredda, attende er berre ein liten forureina bekk. Det leier òg til at Dødehavet er i ferd med å tørke ut.

Palestinarane må altså tilpasse seg ei ustabil vassforsyning, og alle har store tankar på taket som dei fyller når vatnet frå Mekorot[3] er på. Nokre få er ekstra privilegerte; huset me bur i har til dømes eit hol i taket, som leier regnvatn frå eit stort flatt tak ned i eit stort basseng. Eit smart system i eit område der vatn er dyrebart. Diverre er det dyrt, og langt frå alle kan ta seg råd til ei slik investering. Dette bassenget er frå lenge før Oslo-avtalen.
Regnvatn kjem ned i denne renna.


Og renn ned i bassenget.
Når eg skal vaske kle, 
hentar eg vatn med bøtte frå denne luka.


Ta gjerne ein kikk på dette interaktive kartet.



Fotnoter:
1. Vidare har forsøk på å byggje på fjelltoppar historisk sett vorte sett som trugsmål mot sentralmakta. Keisarar og korsfararar osv. har slått ned dei fleste forsøk på å etablere byar på fjelltoppar sidan desse lett ville kunne rive seg laus som bystatar. Beit Ommar er faktisk eit unnatak, for her ligg sentrum, og gamlebyen, på toppen av fjellet.

2. Om lag 80% av vatnet under Vestbreidda går til israelarar.
Visualizing the occupation
Faktaark

3. Mekorot er det israelske vassverket. Ikkje berre stel dei vatn, men dei er til og med frekke nok til å krevje betaling for den lille delen palestinarane får tilgang til.