tirsdag 18. september 2012

Arrestasjon av born i Beit Ommar

Frå då eg vitja familien Ramzy Al Alamy. Hossein sit heilt til høgre i biletet.
Druene og plommene var kjempegode, og er sjølvsagt frå hagen =)

31. Mars 2012 vart 14 år gamle Hossein Ramzy Al Alamy arrestert under ein fredeleg demonstrasjon i Beit Ommar. Med falske skuldingar om at han hadde kasta stein mot soldatane.

Familien fekk lov til å vitje Hossein ein time kvar månad. Ein prosess i seg sjølv, der familien vart ein sprettball i det israelske byråkratiet. Fyrst måtte heile familien reise sørover til Hebron klokka 2 på natta, for å registrere seg. Før dei vendte nasen mot nord og Ramallah, og køyre gjennom fleire checkpoints på vegen. Vel framme i fengselet måtte heile familien gå gjennom ein grundig kroppsvisitasjon. Jenta midt i biletet vart skild frå si mor og undersøkt på eige rom. Heile prosessen med vitjinga tok om lag 16 timar før dei var heime att.

Faren fortalde oss korleis det smerta han å sjå sonen i fengselet, og skildra andletet til sonen som gult av frykt. Soldatane sparka Hossein i beina, fornerma han og fortalde han ofte at han aldri nokosinne ville sleppe ut av fengselet. Som med så mange av borna som vert arrestert, måtte han møte framfor ein domstol kvar andre månad, berre for å få soninga utvida soninga med to nye månader. Dimed måtte han leve i uvisse om si eiga framtid fram til dei til slutt slapp han fri. Då han slapp ut fortalde dommaren Hossein at cella stod klar til å ta i mot han i nye 7 månader om dei såg han i ein demonstrasjon.

Hossein slapp ut av fengsel for litt over ein månad sidan, nett i tide til å feire Id med familien. Tida i fengsel tydde mellom anna at han mista siste del av skuleåret og eksamen. Difor må han gå skuleåret om att.

Det er vanskeleg å førestille seg frykta og uvissa Hossein og familien kjende i ein situasjon som dette. Det kan sjå ut til at det er nett kva Israel prøver å få til; å spreie uvisse og frykt.

Ein amerikansk aktivist som var til stades då han vart arrestert seier han har forandra seg mykje. Han ser mykje eldre ut no. Han har til og med byrja å røyke :S Hossein er ein sta gut, difor demonstrerer han trass trugsmål frå domstolen. Det var likevel lett å sjå kor utilpass han var dei fyrste demonstrasjonane etter han slapp ut. Dei som krev si rett til å tale fritt betaler ein høg pris for det her nede. På demonstrasjonen for snart to veker sidan kunne eg likevel sjå han posere med palestinsk flagg og V-teikn for ein av fotografane til okkupasjonstyrken. Dei har dokumentert det, og han veit det. Spørsmålet er ikkje om han vert fengsla att, men når.