onsdag 19. september 2012

Å vakne om natta

Natt til sundag 16. september vakna eg og kjende det svei i nasen. Ei svie eg kjende att frå demonstrasjonen fredag i Ni'lin. Kunne det vere tåregass? Eg sette meg rett opp og såg på klokka, 03.58. Er dei her? Skal dei arrestere Yousuf? Eller nokon andre i nabolaget? Tenkte eg for meg sjølv, vel vitande om at dei fleste arrestasjonane i Beit Ommar skjer nattraid. Utan forvarsel. Åtte bebuarar i landsbyen har vorte arrestert i nattraid sidan eg kom til Beit Ommar. Den yngste av dei 13 år gamal.

Eg kunne ikkje kjenne noko ubehag i auga, og slo frå meg tåregassteorien. Dessutan plar ikkje okkupasjonstyrkane bruke det under nattraid. Likevel kjende eg meg ikkje heilt trygg. Eg stod opp og gjekk ut. Natta var klar og stille. Det var falsk alarm. Eg var berre forkjølt.

Eg gjekk og la meg att, men eg fekk ikkje sove. Det er sånn det er å leve under okkupasjon? Ljoden av bilar om natta, blinkande ljos eller stemmer. Alt kan vere okkupasjonssoldatane som kjem for å arrestere deg, son din, eit familiemedlem, eller ein ven?

Oppdatering: Mi førestilling om at okkupasjonssoldatane ikkje bruker tåregass og slikt i nattraid har synt seg å vere veldig feil. Det gjer dei, sjølv om born ligg og søv, med opne vindauge i husa rundt. Noko mellom anna arrestasjonen av Hamza(14) synte.