onsdag 19. september 2012

Palestinsk gut skadd under demonstrasjon


Her i Beit Ommar er det demonstrasjon kvar laurdag. Vanlegvis er demonstrasjonen framfor kolonien Karmei Tsur. Slik var det òg 8. september, men grunna settlersabotasje mot eit drivhus la me ruta om denne og opp attmed gjerdet 200 meter lengre aust enn der me demonstrerar til vanleg. Me gjekk opp til gjerdet, og attmed gjerdet mot området me plar demonstrere.

Denne manøveren skapte eit salig kaos i dei israelske okkupasjonsstyrkane. Soldatane klarte ikkje å halde seg samla, og me kunne rykke fram gode 150 meter, og dimed demonstrere kloss inntil gjerdet. noko som effektivt hindra dei å bruke tåregass. Me var for nære den ulovlege israelske busettinga, og vinden kunne drive eventuell gass mot sivile israelske kolonistar. Til slutt vart me halvvegs omkransa av 45 andpustne og gjennomsveitte soldatar. Dei var til og med fleire enn oss. Eit par palestinarar haldt appell, og me gjorde oss klare til å gå.

I det heile var det ein god ikkjevaldeleg demonstrasjon. Me klarte å skape ein situasjon der det var me og ikkje soldatane som hadde kontrollen, i alle høve ei stund, og det utan noko som helst bruk av vald frå vår side.

Okkupasjonssoldatane på si side oppførte seg som dritungar. I det me byrja gå vekk prøvde ein soldat å provosere to av borna som deltok i demonstrasjonen. Plutseleg stampa ein annan soldat fram og sparka ein av dei, Hamza Abu Hasham(14), rett ned.

Berre nokre få meter framfor meg fekk eg sjå totalt meiningslaus vald mot eit born, som berre stod stolt og rak i ryggen. Kva gjer eit menneske i stand til ei slik handling? Eg ser dette i samanheng med biletet både Israel og vesten skapar av palestinarane. "Palestinarane er annleis. Dei er ikkje som oss. Dei er usiviliserte muslimar og potensielle terroristar." Det foregår altså ein slags avhumanisering av palestinarar, som skapar ein lågare terskel for å gjere overgrep som dette:





Me visste ikkje kva me skulle gjere, men gjekk rett opp i nasen på soldatane og gav dei ei verbal overhøvling. Eg må berre rose alle som demonstrantane for at dei sjølv etter ei slik hending klarte å halde seg i skinnet, og ikkje tydde til vald. Som de kan sjå vart det dokumentert med video og foto. Hamza vart transportert til sjukehus, men det gjekk bra med han.

Ei kort stund etter me hadde reist, fekk me telefon frå palestinarane som budde nærast Karmei Tsur om at okkupasjonsstyrkane, berre for å understreke sitt eige barbari, skaut gummikuler og tåregass mot husa deira.