tirsdag 23. oktober 2012

Dommane utsett til 4. desember.

Dommane i den Israelske militærdomstolen mot dei to borna, Hamouda(Mohammed) og Hossein, skulle kome i dag, men er no utsett for fjerde gong; til 4. desember. Det tyder at skuleungdommane, som har levd i uvisse i ein månad allereie, får nesten ein og ein halv månad til i uvisse.

Om dei ikkje slepp ut før det er gått tre måander må dei truleg gå skuleåret om att. Det byrjar å haste.

Tostatsløysing?

Eg les på NRK.no at Benjamin Netanyahu lovar fleire koloniar i Jerusalem. Alt ved det gamle altså. Koloniseringa av Vestbreidda har knust tostatsløysinga for mange år sidan. Palestinarane eg møter snakker alle om ei eistanstløysing. Ein liten kikk på kartet over det som er att av Palestina i dag forklarer kvifor:
Kartet fann eg her.
Attende er berre eit øyrike. Å samanlikne landområda rundt "øyene" med hav er eigentleg missvisande det òg. Landområda som er farga blå i kartet har Israel annektert eller full militær og sivil kontroll over. Palestinarane forflyttar seg i det blå området på Israels nåde. Det same gjeld hausting frå området.

Ein liten kikk på kartet, saman med realitetane her eg bur, er nok for meg. Det finst inga tostatsløysing i vår framtid. Di fortare me kan gravleggje Oslo-avtalen di betre. Her må dei arbeide for fred og sameksistens, ikkje byggje murar.

Kva i !?

Medan me ventar på at borna skal få sin dom, nytter eg høvet til å ta fram
denne surrealistiske taggen eg kom over midt i Hebron.

I den gamle hovudgata, Shuhada street, som Israel har stengd sidan andre intifada.
Soldatar  passar på at palestinarar  berre får lov gå nokre få hundre meter av denne gata,
etter fyrst å ha gått gjennom eit checkpoint.

Nokre plassar er det skilleveggar mellom palestinarar og alle andre.
 Israelarar og turistar går fritt.

Israel er fritt, fri Palestina!

Me ventar på dommane

Guten til venstre. Mohammed Abu Hashem
har allereie vorte fengsla to gonger før. 
No sit han i fengsel for tredje gong, og har 
venta på dommen  i ein  månad allereie.
I dag kjem kanskje sakene til Mohammed Abu Hashem og Hossein Ramzy Al-Alamy opp for militærdomstolen. Til no har dei to borna vore i varetekt, utan lov og dom i ein månad. Dei tre føregåande rettsmøta berre utsette saka.

Me er saman med Ahmed, far til Mohammed, nesten kvar dag, antan me jobbar på senteret, speler fotball eller drikk te og prater om laust og fast. Mellom oss går Mohammed under kallenamnet Hamouda. Ahmed fotalde oss i går at begge dei to førre gongene Hamouda har vore i fengsel brukte militærdomstilen det same biletet som bevis. Me har fått melding om at aktor kjem til å leggje ned påstand om eitt år i fengsel for den 16 år gamle skuleguten. Nett som dei to fyrste gongene han vart fengsla er han no skulda for å kaste stein.

Når det gjeld Hossein er ting meir uvvist, sidan eg ikkje har jamleg kontakt med familien, men Hossein slapp ut av fengsel så seint som august. Då fekk han åtvaring om at han ville få nye 7 månader i fengsel om han deltok i ein ikkjevaldeleg demonstrasjon att.

Hossein med sin familie. Hossein til høgre i biletet er fengsla
for andre gong i år, og har venta i uvisse i ein månad til no.
Hamda, mor til Hamouda, er i Ofer, eit militært fengsel utanfor Ramallah for å følgje rettsaka. No må me berre vente, men når me veit at 99,7% av rettsakene i militærdomstolen leier til domfelling, er det lite håp om at han kjem ut med det fyrste.

Vatn 3

Palestinske heimar må ha slike vasstankar på taket.
Elles ser me òg at eg må lære meg å halde kameraet rett.

I Noreg ser me vatn som noko sjølvsagt. I midtausten er det annleis. Alt handlar om vatn. Tilgang på vatn har ikkje minst avgjort kvar menneske slo seg ned og bygde landsbyar. Medan Israel byggjer nye ulovlege koloniar på fjelltoppar for å få militært overtak, og borer djupe brønnar etter vatn med moderne teknologi, bygde Palestinarane dei fleste av sine landsbyar nedst i fjellsida for mange hundre, av og til tusnar av, år sidan. Nett for å få tilgang på vatn, og grunna nærleik til den dyrkbare jorda[1].

Vestbreidda er eigentleg rikt på vatn. Ein kort, men intens regnsesong gjev mykje vatn som raskt renner ned i dalane, før det passerer gjennom den spesielle bergarten dei har over alt her. Vatnet stoppar når det møter ein meir kompakt bergart, og samlar seg under heile Vestbreidda, Frå sør til nord, nærast som ei stor elv under bakken. Det er ikkje tilfeldig at Bibelen omtaler dette som eit land som flyt over av mjølk og honning. Palestina er fruktbart og frukttre er å sjå over alt kor det bur folk. I det heile er det mykje grønt å sjå.

Utan god tilgang på vatn vert livet vanskeleg. Difor er nett regulering av vatn ein effektiv strategi for å strupe det palestinske folket. Difor har Israel nekta palestinarane å lage ein einaste ny brønn sidan 1967. Difor har Israel sjølv nesten fullstendig kontroll over vassressursane under bakken på Vestbreidda. Vatnet tek dei for det meste sjølv[2]; mellom anna til folkerettstridige koloniar over alt på Vestbreidda, inkludert plantasjar i Jordandalen. Dette er simpelt tjuveri, og difor er det ganske enkelt heleri når ein kjøper frukt og blomster frå Israel.

Samstundes nektar Israel Palestina å fikse vassrøyr i Area C(over 60% av Vestbreidda). Dimed går store deler av vatnet palestinarane får tapt i vasslekkasjar. Ny infrastruktur i Area C har dei sjølvsagt heller ikkje lov til å byggje.

Eit smart hol i taket.
Jordanelva er vekke. Elva der Johannes døypte Jesus, i Bibelen framstilt som ei stor og mektig elv, har Israel knabba og leia vekk til israelsk landbruk. Nord for Vestbredda er elva fin og frisk, men det meste av vatnet er leia vekk før det når Vestbredda, attende er berre ein liten forureina bekk. Det leier òg til at Dødehavet er i ferd med å tørke ut.

Palestinarane må altså tilpasse seg ei ustabil vassforsyning, og alle har store tankar på taket som dei fyller når vatnet frå Mekorot[3] er på. Nokre få er ekstra privilegerte; huset me bur i har til dømes eit hol i taket, som leier regnvatn frå eit stort flatt tak ned i eit stort basseng. Eit smart system i eit område der vatn er dyrebart. Diverre er det dyrt, og langt frå alle kan ta seg råd til ei slik investering. Dette bassenget er frå lenge før Oslo-avtalen.
Regnvatn kjem ned i denne renna.


Og renn ned i bassenget.
Når eg skal vaske kle, 
hentar eg vatn med bøtte frå denne luka.


Ta gjerne ein kikk på dette interaktive kartet.



Fotnoter:
1. Vidare har forsøk på å byggje på fjelltoppar historisk sett vorte sett som trugsmål mot sentralmakta. Keisarar og korsfararar osv. har slått ned dei fleste forsøk på å etablere byar på fjelltoppar sidan desse lett ville kunne rive seg laus som bystatar. Beit Ommar er faktisk eit unnatak, for her ligg sentrum, og gamlebyen, på toppen av fjellet.

2. Om lag 80% av vatnet under Vestbreidda går til israelarar.
Visualizing the occupation
Faktaark

3. Mekorot er det israelske vassverket. Ikkje berre stel dei vatn, men dei er til og med frekke nok til å krevje betaling for den lille delen palestinarane får tilgang til.

mandag 22. oktober 2012

Militærøving

Denne mannen er irritert! Det er dritkjipt å lytte til musikk med Israelsk jagerflyøving over hovudet heile dagen.

lørdag 20. oktober 2012

Vatn 2

Dei fleste eg møter her prøver å leve så normalt som mogleg trass okkupasjonen. Når dei snakkar med meg er det gjerne heilt andre ting som interesserer dei. Hoppet til Felix Baumgartner til dømes.

Difor tek det tid å kartleggje alle detaljane rundt vassituasjonen. Fyrst då eg i ein samtale nemnte at me gjekk tom for vatn, kunne ein lokal gut i byrjinga av 20åra fortelje oss at "vatnet kjem onsdag. På natta." Han fortalde at dei må stå opp på natta for å fylle tankane manuelt. "Den dagen kan me ta ein lang dusj", la han til. Vatn får Palestinarane i denne landsbyen berre ein dag i veka.

Samstundes har dei ulovlege kolonistane rundt landsbyen nærast uavgrensa tilgang på vatn 24/7. Vatn dei stel frå grunnvatnet i den okkuperte Vestbreidda. Vatnet bruker dei mellom anna til å dyrke fine appelsinar og annan fin frukt, som dei kan eksportere til Noreg. Tjuvgods!

Me merker det ikkje på langt nær så mykje som folk flest i landsbyen. Me har eit automatisk system for å fylle tankane på taket den eine dagen i veka me får vatn, og merkar me ikkje noko før tanken er tom. Det skjer kvar gong me er fleire enn fem her. Sjølv då har me ekstra vatn i bakhand av di denne ekstraordinært priviligerte familien har ein brønn i tillegg til to dyre vassbaseng dei samlar regnvatn i.

fredag 19. oktober 2012

Broken English


Bornebursdag!

Della abu Marya vert to år neste veke. Det feira me på forskot i går.
Della smiler alltid
Della liker kake

Ingen bursdag utan ballongar

fredag 5. oktober 2012

Dommen mot Mohammed(16) utsett på ny

Mohammed Abu Hashem(16), bror til Hamza, har fått dommen si utsett på ny. For tredje gong. Han er no utsett til 20. Oktober. Guten vart arrestert den 24. September og har sitte i varetekt i Ofer, eit Israelsk militærfengsel utanfor Ramallah. Når saka kjem opp for ein militær domstol den 20. vil han allereie ha sitte ein snau månad i varetekt.

Eg har ikkje fått stadfesta om dette òg gjeld Hossein(15) og Tarik(18), men førebels går eg ut frå det.

torsdag 4. oktober 2012

Filmklipp frå arrestasjonen av Hamza


Beit Ommar Night Raid October 3. 2012(klikk for å sjå klippeh hjå vimeo).

Her i dette videoklippet, frå natt til igår, kan de sjå korleis det går føre seg når born i Beit Ommar vert arrestert. I videoklippet høyrer me Ahmed, far til Hamza, rope på sonen sin medan han prøve å løpe etter soldatane for å dokumentere arrestasjonen. Andre i nabolaget har sjølvsagt vakna, og litt ut i klippet tek dei ut sin vreide ved å kaste stein.

Ahmed gjekk rundt her og gråt i går(onsdag). I det heile var det lenge ei tung stemning. Til Ahmed fekk telefon om at Hamza var løyslaten. Ahmed er under stort press for tida. Han har allereie to soner i fengsel, og i går trudde me talet auka til tre. Tysdag denne veka skulle ein annan son, Mohammed(16), få sin dom i den Israelske militærdomstolen, saka vart utsett for andre gong, til idag. Me ventar dommen kvar augeblink no.

Nettsideadressa i videoen er feil. Bruk: http://www.palestinesolidarityproject.org

Hamza er her!

Hamza er her!
Det er me utruleg glade for.
Hamza lagar den beste teen.

onsdag 3. oktober 2012

Lauslaten (trur me)


Oj, her er me letta! Etter telefonar til og frå advokat og mykje uvisse har me no fått høyre at dei Israelske okkupasjonsstyrkane vil sleppe Hamza fri. I augneblinken veit me ikkje kvifor del vel å lauslate han no, men to andre sonar av Ahmed, Emad (22) og Mohammed (16), sit allereie fengsla. Kanskje det er nok med to om gongen? Arrestasjonen av Hamza i natt har allereie vore ei stor psykisk påkjenning for familien, men no er me mest letta.

Ahmed og Mousa er på veg no for å hente han.

Hamza arrestert i natt

Dette vert ein rar dag på jobb, Hamza, som vart 14 år gamal 28. september, kjem alltid innom her og lagar te til oss. Men ikkje idag. Hamza vart arrestert av dei israelske okkupasjonsstyrkane klokka 2.30 i natt. Faren, Ahmed, går rundt oss her og har det ikkje godt. Ikkje eg heller. Me er saman med guten nesten kvar dag, seinast i går kveld. Måndag kveld gjekk Hamza og eg og krangla om kven som er best av Barcelona og Real Madrid, no er han arrestert.



tirsdag 2. oktober 2012

Nytt frå Moahmmed, Hossein og Tarik

Hamda, mor til Moahmmed, under arrestasjonen
 natt til måndag 24. september.
Hamda kjenner eg som ei sta og stødig dame. 
Det kjenst framand å sjå ho så knust som på biletet.
Nei, lite nytt.

I dag skulle dei sakene som vart utsett førre veke endeleg opp for militærdomstolen. Difor spurde eg nett Hamza(14), ein yngre bror av Mohammed(16), korleis det hadde gått. Eg veit at Hamda, mor til Mohammed, reiste til Ramallah for å vere til stades under rettsaka til sin son i dag tidleg.

Hamza hadde ikkje anna å melde enn at rettsaka er utsett på ny. Til torsdag 4. oktober denne gong. For Hossein og Tarik er det òg i det blå. Som ein liten sidemerknad, kan eg leggje til at Hamza vart fengsla fyrste gong då han var 11 år gamal.