søndag 30. september 2012

Oppdatering frå borna som er fengsla

Mohammed Abu Hashem (16)
Borna som vart arrestert i nattraid natt til måndag skulle møte i ein militærdomstol torsdag 27. september, men alle tre har fått rettsakene sine utsett ei snau veke av di ein jødisk høgtid plutseleg, og heilt uventa for militærdomstolen, dukka opp. Frå vår ven Ahmed, far til Mohammed(16), har me fått høyre at aktor har varsla at han kjem til å leggje ned påstand om at Mohammed skal dømmast til ubetinga fengsel i eitt år for kasting av stein.

tirsdag 25. september 2012

Demo i Ni'lin

If Batman knew about this 
you would be in SO MUCH TROUBLE!

Nyfikne som me var på korleis demonstrasjonane er andre stader på vestbreidda bestemte ein engelskmann, og cricketfan, med namn Jamie og eg oss for å vitje Ni'lin for å delta på demonstrasjonen mot okkupasjonen og muren der.

Fire truck stand
Difor sette me oss i bilen fredag morgon 14. september med kurs nordover. Me skulle på langtur og måtte vere tidleg ute. Kl 10.00 dunk-dunk-dunka me av garde. Sjåføren denne dagen var mannen med den pheitaste bilstereoen i heile Palestina. På menyen denne morgonen stod tekno frå midtausten. Hurra, russetid :S

To timar seinare var me i Ni'lin sentrum, der dei lokale mora seg med fotballkamp. Me gjekk opp til ein olivenlund og sette oss under eit tre. Ein mann reiste seg opp og gjorde nytte som menneskeleg minaret og så var det tid for fredagsbøn og imamen tok over.

Etter fredagsbøna var ferdig gjorde me oss klare til demo. Dei lokale surra Keffiyeh om hovudet, for å dekke andletet og bar med seg bildekk, steinslynger og flagg. Her var det tydeleg allereie frå fyrste stund at Ni'lin ikkje er som Beit Ommar.

Allereie då me var to hundre meter frå muren, som skilde oss frå okkupasjonssoldatane på den andre sida, sprøyta okkupasjonssoldatane med skunk[1]. Snakk om å pisse i motvind! Dei fekk alt attende i andletet, og dimed gjekk dei over til tåregass som dei kan skyte mykje lengre.

Dei kasta fyrst nokre av dei større granatene. Ein sky av tåregass steig opp frå bakken. Me rykka litt opp, spreia oss utover, venta til gassen skulle blåse vekk, og gjekk ned mot muren att.
Incoming! Lyd det frå mannen med megafonen.
    
Du vil ikkje stå der desse landar. Tru meg

I neste augeblink regner det tåregassgranatar over alt rundt oss. Eg står heilt feil plassert. Granatane landar nokre meter framfor meg, til høgre for meg, og ein rett bak meg. Vinden driv gassen rett mot meg. Både framfor meg og bak med er det allereie byrja å forme seg ein sky av tåregass. Terrenget er prega av store lause skarpe steinar og tistler. Det utelukkar ein retrett mot venstre. Eg må bakover, og det fort, før skya av gass vert for tett. Mannen med megafon roper til meg kvar eg skal løpe. Eg kjem meg unna det verste, og kan puste luft på ein av få plassar som nesten er fri for gass. Aj, som det riv i nasen, tårane renn, synet er ikkje til å stole på, og eg vurderer å setje meg ned. Det går heldigvis over. No er eg altså døypt. Og det er meir i vente. 
Me løp opp og ned, att og fram. Skal eg vere ærleg synst eg det heile eigentleg er ganske spanande no når eg står midt i det. Dei lokale svarar med stein, og dei har fått fyr på ein haug bildekk attmed porten. Ein tykk svart sky veltar over porten. Jubelen stig, og det er ein sarkastisk skadefro applaus, då ein soldat sender ein tåregassgranat på si eiga side av muren.
Muren er det mest synlege problemet. Ein stor massiv fem meter høg mur omkransar store delar av landsbyen, men okkupasjonen har med seg meir drit. Landsbyen med om lag 5000 innbyggjarar hadde ei gong i tida tilgang til 57000 mål jord. Etter at Israel koloniserte området rundt krympa det kraftig til 15000 mål. Oslo-avtalen gjorde 93% av det dei hadde att om til "area C", under total israelsk militær og administrativ kontroll. Om palestinarane byggjer hus her er det berre spørsmål om tid før okkupasjonsstyrkane køyrer det flatt med sine kjempebuldosarar. Av og til byggjer palestinarane likevel. Dei har ikkje noko anna val. Det sto ille til for Palestinarane allereie etter Oslo-avtalen, men Israel var ikkje nøgd. No har Israel sett opp ein gigantisk mur som effektivt hindrar dei å nå 1/3 av det landområdet som vart klassifisert som area C. Dimed kan dei heller ikkje dyrke desse områda. 
Her plar me fyre opp bål =)

1. Israelske kjemikarar har leika på labben og laga ei væske som er meint å stinke så mykje at me ikkje skal orke å vere i nærleiken av det. Dei brukar det for å skremme bort demonstrantar, men i dag gjorde vinden våpenet ubrukeleg for okkupasjonsstyrkane.

Hossein - oppdatering

Ramzy, far til Hossein, kom heim frå Gush Ezion utan sonen igår. Hossein sit no fengsla, og ventar på å møte i retten. Dato for rettsmøtet er ukjend for oss, men me har fått vite at rettsmøtet for Mohammed og Tarik skal finne stad på torsdag denne veka.

mandag 24. september 2012

Nattraid

I natt har okkupasjonssoldatane vore på raid i Beit Ommar: Mohammed 16 og Tarik 18. Den yngste av dei er son til Ahmed Abu Hashem, den andre son av bror til Ahmed.

Dei raida òg familien til Hossein Ramzy Al Alamy, som eg har skrive om for kort tid sidan, men han var ikkje heime. Soldatane gav faren ordre om at sonen måtte møte opp i militærleiren i Gush Ezion. For berre ei knapp veke sidan skreiv eg at Hossein har fått trugsmål om 7 nye månader i fengsel om dei ser han i ein demonstrasjon att. Faren tok nett med seg sonen Hossein til Gush Ezion. Me sit og ventar på nyhende om kva som skjer vidare.

Eg kjem med meir når eg får tid.

onsdag 19. september 2012

Palestinsk gut skadd under demonstrasjon


Her i Beit Ommar er det demonstrasjon kvar laurdag. Vanlegvis er demonstrasjonen framfor kolonien Karmei Tsur. Slik var det òg 8. september, men grunna settlersabotasje mot eit drivhus la me ruta om denne og opp attmed gjerdet 200 meter lengre aust enn der me demonstrerar til vanleg. Me gjekk opp til gjerdet, og attmed gjerdet mot området me plar demonstrere.

Denne manøveren skapte eit salig kaos i dei israelske okkupasjonsstyrkane. Soldatane klarte ikkje å halde seg samla, og me kunne rykke fram gode 150 meter, og dimed demonstrere kloss inntil gjerdet. noko som effektivt hindra dei å bruke tåregass. Me var for nære den ulovlege israelske busettinga, og vinden kunne drive eventuell gass mot sivile israelske kolonistar. Til slutt vart me halvvegs omkransa av 45 andpustne og gjennomsveitte soldatar. Dei var til og med fleire enn oss. Eit par palestinarar haldt appell, og me gjorde oss klare til å gå.

I det heile var det ein god ikkjevaldeleg demonstrasjon. Me klarte å skape ein situasjon der det var me og ikkje soldatane som hadde kontrollen, i alle høve ei stund, og det utan noko som helst bruk av vald frå vår side.

Okkupasjonssoldatane på si side oppførte seg som dritungar. I det me byrja gå vekk prøvde ein soldat å provosere to av borna som deltok i demonstrasjonen. Plutseleg stampa ein annan soldat fram og sparka ein av dei, Hamza Abu Hasham(14), rett ned.

Berre nokre få meter framfor meg fekk eg sjå totalt meiningslaus vald mot eit born, som berre stod stolt og rak i ryggen. Kva gjer eit menneske i stand til ei slik handling? Eg ser dette i samanheng med biletet både Israel og vesten skapar av palestinarane. "Palestinarane er annleis. Dei er ikkje som oss. Dei er usiviliserte muslimar og potensielle terroristar." Det foregår altså ein slags avhumanisering av palestinarar, som skapar ein lågare terskel for å gjere overgrep som dette:





Me visste ikkje kva me skulle gjere, men gjekk rett opp i nasen på soldatane og gav dei ei verbal overhøvling. Eg må berre rose alle som demonstrantane for at dei sjølv etter ei slik hending klarte å halde seg i skinnet, og ikkje tydde til vald. Som de kan sjå vart det dokumentert med video og foto. Hamza vart transportert til sjukehus, men det gjekk bra med han.

Ei kort stund etter me hadde reist, fekk me telefon frå palestinarane som budde nærast Karmei Tsur om at okkupasjonsstyrkane, berre for å understreke sitt eige barbari, skaut gummikuler og tåregass mot husa deira.

Å vakne om natta

Natt til sundag 16. september vakna eg og kjende det svei i nasen. Ei svie eg kjende att frå demonstrasjonen fredag i Ni'lin. Kunne det vere tåregass? Eg sette meg rett opp og såg på klokka, 03.58. Er dei her? Skal dei arrestere Yousuf? Eller nokon andre i nabolaget? Tenkte eg for meg sjølv, vel vitande om at dei fleste arrestasjonane i Beit Ommar skjer nattraid. Utan forvarsel. Åtte bebuarar i landsbyen har vorte arrestert i nattraid sidan eg kom til Beit Ommar. Den yngste av dei 13 år gamal.

Eg kunne ikkje kjenne noko ubehag i auga, og slo frå meg tåregassteorien. Dessutan plar ikkje okkupasjonstyrkane bruke det under nattraid. Likevel kjende eg meg ikkje heilt trygg. Eg stod opp og gjekk ut. Natta var klar og stille. Det var falsk alarm. Eg var berre forkjølt.

Eg gjekk og la meg att, men eg fekk ikkje sove. Det er sånn det er å leve under okkupasjon? Ljoden av bilar om natta, blinkande ljos eller stemmer. Alt kan vere okkupasjonssoldatane som kjem for å arrestere deg, son din, eit familiemedlem, eller ein ven?

Oppdatering: Mi førestilling om at okkupasjonssoldatane ikkje bruker tåregass og slikt i nattraid har synt seg å vere veldig feil. Det gjer dei, sjølv om born ligg og søv, med opne vindauge i husa rundt. Noko mellom anna arrestasjonen av Hamza(14) synte.

tirsdag 18. september 2012

Arrestasjon av born i Beit Ommar

Frå då eg vitja familien Ramzy Al Alamy. Hossein sit heilt til høgre i biletet.
Druene og plommene var kjempegode, og er sjølvsagt frå hagen =)

31. Mars 2012 vart 14 år gamle Hossein Ramzy Al Alamy arrestert under ein fredeleg demonstrasjon i Beit Ommar. Med falske skuldingar om at han hadde kasta stein mot soldatane.

Familien fekk lov til å vitje Hossein ein time kvar månad. Ein prosess i seg sjølv, der familien vart ein sprettball i det israelske byråkratiet. Fyrst måtte heile familien reise sørover til Hebron klokka 2 på natta, for å registrere seg. Før dei vendte nasen mot nord og Ramallah, og køyre gjennom fleire checkpoints på vegen. Vel framme i fengselet måtte heile familien gå gjennom ein grundig kroppsvisitasjon. Jenta midt i biletet vart skild frå si mor og undersøkt på eige rom. Heile prosessen med vitjinga tok om lag 16 timar før dei var heime att.

Faren fortalde oss korleis det smerta han å sjå sonen i fengselet, og skildra andletet til sonen som gult av frykt. Soldatane sparka Hossein i beina, fornerma han og fortalde han ofte at han aldri nokosinne ville sleppe ut av fengselet. Som med så mange av borna som vert arrestert, måtte han møte framfor ein domstol kvar andre månad, berre for å få soninga utvida soninga med to nye månader. Dimed måtte han leve i uvisse om si eiga framtid fram til dei til slutt slapp han fri. Då han slapp ut fortalde dommaren Hossein at cella stod klar til å ta i mot han i nye 7 månader om dei såg han i ein demonstrasjon.

Hossein slapp ut av fengsel for litt over ein månad sidan, nett i tide til å feire Id med familien. Tida i fengsel tydde mellom anna at han mista siste del av skuleåret og eksamen. Difor må han gå skuleåret om att.

Det er vanskeleg å førestille seg frykta og uvissa Hossein og familien kjende i ein situasjon som dette. Det kan sjå ut til at det er nett kva Israel prøver å få til; å spreie uvisse og frykt.

Ein amerikansk aktivist som var til stades då han vart arrestert seier han har forandra seg mykje. Han ser mykje eldre ut no. Han har til og med byrja å røyke :S Hossein er ein sta gut, difor demonstrerer han trass trugsmål frå domstolen. Det var likevel lett å sjå kor utilpass han var dei fyrste demonstrasjonane etter han slapp ut. Dei som krev si rett til å tale fritt betaler ein høg pris for det her nede. På demonstrasjonen for snart to veker sidan kunne eg likevel sjå han posere med palestinsk flagg og V-teikn for ein av fotografane til okkupasjonstyrken. Dei har dokumentert det, og han veit det. Spørsmålet er ikkje om han vert fengsla att, men når.

Dødehavet


Me har bada i Dødehavet =) Det er spesielt ein ting eg liker med Dødehavet: Sjølv om eg ikkje veit om det er krabber, hai, piraja eller gjedder i vatnet, så veit eg at om dei skulle vere der er dei i alle høve døde.

Åj, så sterke! Legg merke til at fotografen har lurt seg med på biletet.
Om me ser bort frå Jordan, er det meste av vatnet i Dødehavet på palestinsk side av den Grøne Lina, som er meint å vere den framtidige grensa mellom Israel og Palestina. Diverre er området rundt Dødehavet klassifisert som "area C". Det tyder at einkvar ny Palestinsk bygning eller infrastruktur her vert knust av dei israelske okkupasjonsstyrkane. Det tyder at Israel byggjer det dei vil, utan å bry seg med at det er i strid med internasjonal lov. Trass i at dei fleste land i verda, inkl. Noreg, fordømmer det. Det tyder òg at alle badealternativ som gjev høve til å dusje er slike ulovlege israelske badestader.

Når ein kjem opp frå Dødehavet er huda heilt rar og oljete. Kanskje til og med full av gjørme om du har klart å kline det sølet ut over kroppen din. Å grise seg til med gjørme er kjempepopulært ved dødehavet. I Noreg er det barnsleg å teit å smøre seg inn med gjørme. Her er det kult og sunt. Dei seier det er ein spa-greie. Uansett kva ein meiner om det vil dei fleste, som eg, spyle huda rein i ferskvatn etterpå. Sjølv om Israel har skrudd av vatnet i den palestinske heimen, syt Israel for masse ferskvatn å dusje i for sine eigne og turistar ved Dødehavet. Vatn henta frå palestinsk grunnvatn. Det nye er at no får til og med palestinarar lov til å betale Israel for å bade her. Dimed er palestinarane i den absurde situasjon at det lågaste punktet i verda, rett attmed det saltaste vatnet fysikken tillet, er den einaste plassen dei kan dusje i friskt ferskvatn utan å tenkje på at vasstanken på taket snart vert tom.

lørdag 15. september 2012

Kaos i Midtausten?

Trass i at eg er i utlandet har eg god tilgang på norske medium.

Overskriftar eg har saksa frå framsida til NRK:
-Direkte fra midtøsten: Se kaoset her.
-Følg dramaet i modtøsten her.
-Få oversikt over kaoset.

Vent no litt. Midtausten? Det er jo her. Eg er i midtausten. Og det er KAOS her? Åj, kva no?

Her i Palestina har dei sjølvsagt internett, og mange har sett videosnutten. Dubba til arabisk. Eg har sett han eg og, på engelsk. Dritdårleg skodespel, dritdårleg dubbing, dritdårlege kulissar, dritdårleg manus, dritdårleg klipping, dritdårleg ljossetting, dritdårleg animasjon, dritdårleg faktasjekking, dritdårleg dritdårleg dritdårleg. Største samlinga av drit eg har sett på lenge.

Dimed er det ikkje rart nett denne videoen var tema då imamen skulle tale til fredagsbønen i dag. Eg var tilfeldigvis til stades på ein fredagsbøn. Utandørs i ein olivenlund. Min arabisk er heller skral, så eg forstod fint lite av det som vart sagt der eg sat under eit oliventre og observerte og prøvde å gjette meg til kva han meinte. Det var ei interessant oppleving likevel. Ikkje minst synst eg det var fine omgjevnader å ha ein gudsteneste i.

Imamen såg ut som ein hyggjeleg mann. Litt eldre enn eg. Litt høglytt, men det var kanskje ikkje noko anna å vente. Han brukte megafon, og eg sat tre meter unna. Det var tydeleg at dette skulle nå langt, for han ropte heile tida. Av og til var det kanskje mogleg å høyre tendensar til harme, men nei. Han såg ikkje spesielt sinna ut. Tilhøyrarane bad litt stille på dei rette plassane. Og dett var dett.

Då talen var over måtte me flytte oss, for dei skulle be mot Mekka.

Frå palestinske nyhende kan eg lese at det faktisk /har/ vore litt opprør i dag i Gaza, Qalqilia og Jerusalem. Fleire dusin har gått i gatene og brent amerikanske flagg og greier. Elles har kristne leiarar her i Palestina gått saman med muslimske leiarar og politikarar skulda filmskaparane for å vere hatefulle og rasistiske.

Eg skriv gjerne under på det.

onsdag 12. september 2012

Mobba brannbil

På min svipptur til Hebron rusla eg forbi dette.
Denne brannbilen var på feil stad til feil tid under demonstrasjonen måndag.
Ordet på gata seier at politistasjonen rett i nærleiken fekk same omsorg.

Rukab's

Rukab's har laga palestinsk is sidan 1941. Til liks med all anna palestinsk snop
med masse sukker. Denne pistasjisen var likevel veldig god. 
Skikkelege pistasjnøtter.

Hjartet i Hebron

Kan du sjå det?

Biletet er frå ein utbomba butikk i ei av hovudgatene ned mot gamlebyen i Hebron

- Sorry, I Couldn't Hear You Over the Sound of Flying Murder


Når dei kjem er det som eit einaste langt torebrak, men ein stjerneklar nattehimmel fortel oss at dette er noko anna. Eg hyrer dei godt, sjølv utan høyreapparat på.

Mot nattehimmelen ser eg dei oransje flammane frå jetmotoren, mellom stjernene. Dei flyg mot syd, før dei svingjer vestover mot Gaza.

Neste morgon les eg om dei i avisa.

tirsdag 11. september 2012

Demonstrasjonane mot PA held fram

Nokon er meir skvetne en andre


I går nådde demonstrasjonane ein førebels høgdepunkt. Her i Beit Ommar var det skuleungdom som stod for demonstrasjonen. Sjølv om demonstrasjonen var meint å vere mot Salam Fayyad og PA, tok dei ut frustrasjonen mot dei israelske okkupasjonstyrkane. Ein litt surrealistisk kombinasjon, der dei retta plakatar og rop mot PA og brann bildekk og kasta stein mot dei israelske okkupasjonstyrkane.

I Hebron samla det seg store folkemender mot Fayyad og PA, men etter det me fekk rapportert av jordansk tv, gjekk det greitt føre seg. Det gjorde det ikkje i Nablus der palestinsk politi rykka ut med skjold og køller. Både politimenn og demonstrantar vart såra, og dei me sat og såg tv med byrja å snakke om ein tredje intifada mot PA.
Bildekk som brenn er fasinerande :o)

Kva i alle dagar desse soldatane skulle opp på dette taket for 
forstår ikkje eg

Salam Fayyad er det ingen i Palestina som stør. I alle høve ingen eg har møtt. Han er innsett av USA, og vert omtala som ein landssvikar. I det heile bruker dei store ord her. Måten Abu Mazen har gått ut for å stø Fayyad er veldig upopulær her, og folk seier Abu Mazen kjem til å gå med i fallet om det ikkje kjem nokon løysing snart. Slik eg ser det er det underleg at Abu Mazen ikkje berre ofrar Salam Fayyad. Palestinarane seier det er av di Abu Mazen ikkje har makt til å gjere noko slikt. Berre USA kan fjerne Fayyad, seier dei, og meir enn ymtar at han er marionettdokke for USA.

Missnøya mot Abu Mazen og forhandlingslina stig, og mange er frustrerte over at han enno ikkje har noko som helst å syne til av resultat frå forhandlingane. Påstanden frå PA om at dei er tom for pengar er det liten tillit til, og folk spekulerer i om Abu Mazen ynskjer dette opprøret velkomen. Det skal ikkje mykje til for å tenkje seg at Abu Mazen no reiser rundt i verda og peiker på opprøret medan han ber om meir pengar. Utan Abu Mazen er det slutt på forhandlingslina.

I dag har Fayyad gått ut og lova å kutte meirverdavgifta til 15% (frå 17%) og at drivstoffprisane skal ned på augustnivå att frå og med neste månad. Vidare lovar han at alle offentleg tilsette skal få halvparten av si lønning i morgon og resten i slutten av veka. Dei eg har snakka med til no er skeptiske, og trur Fayyad freistar å kjøpe tid. Me får sjå.

søndag 9. september 2012

Kviledag


Åi, dette var noko anna. Eit heilt hotellrom, berre for meg sjølv. Stilen var litt, ehm. Vel, eg skal ikkje klage. Rom for seg sjølv er eit kjærkoment avbrekk etter å ha delt rom med to andre i tre veker. Søndag er fridag, difor køyrde me til Ramallah igår kveld.

På veg inn i byen fekk me sjå nok eit døme på demonstrasjonar mot PA. Ei av gatene var full av brennande bildekk, og me måtte køyre ein liten omveg. Sett bort frå brannen var det lite dramatikk. Dette var i Area A(utgjer 2,7/18% av Vestbreidda), under Palestinsk kontroll, PA og Palestinsk politi har gjeve demonstrantane fritt spelerom til å gjere kva dei vil, så lenge dei ikkje går laus på eigendom eller folk. Eigentleg ein god strategi for å ta brodden av demonstrasjonane, viss det er det dei er ute etter. Demonstrasjon utan konfrontasjon er ikkje like morosamt.

Demonstrantane krev at Salam Fayyad går av og at PA forkastar Parisprotokollen, ein del av Oslo 1. Parisprotokollen seier at Israel skal samle inn skatt og avgifter, og gjev Israel kontroll over avgiftsnivået i Palestina. Israel har fleire gonger misbrukt avtalen til å halde attende pengar, og på den måten sultefora PA. Abu Mazen(Mahmoud Abbas) ser ut til å stå støtt i vinden.

Idag skal me farte rundt i Ramallah, og sjå kva byen kan by på, før me tek bussen heim att.

Demonstrasjonane tek seg opp

Hebron 6. september. Ein god del fleire enn sundagen.

Tordsag 6. september var prega av demonstrasjonar mot PA grunna brutale aukingar i prisar på viktige varar. Med bensin og mjøl som dei klaraste døma. Prisen på 50kg mjøl har auka med over 60%, medan prisen på bensin har stige med over 20%. Meir enn nok til å knekke ryggen på økonomien i mangfoldige hushald her i Palestina. Arbeidsløysa er over 15%. Offentleg tilsette har fått lønningane kutta, og lønna alltid for seint utbetalt. Denne månaden har dei ennå ikkje fått nokon dato. Etter den andre Intifada stengde Israel for palestinsk eksport. Bønder måtte plutseleg selgje alt på den lokale marknaden, og prisen kollapsa. Resultatet er fattige bønder.

Folk flest har ikkje lengre råd til å leve, difor var det massestreik i heile Palestina med krav om at Salam Fayyad må gå av og at PA må forkaste Parisprotokollen, ein del av Oslo 1. To palestinarar på vestbreidda har dynka seg i bensin mellom tysdag 4. til torsdag 6. september, men begge vart stoppa før dei rakk å sette fyr på seg sjølv. På Gaza brann ein desperat mann seg ihel. Alt frå drosje-sjåførar til universitets og skuletilsette streika to timar toradsg. Det går no ry om at det vert streik i universiteta ut veka neste veke.


torsdag 6. september 2012

Demo mot PA


Me fekk eit tips om at det skulle finne stad ein demonstrasjon mot dei palestinske sjølvstyremydigheitene(PA) i Hebron medan me var der. Nyfikne som me var tok me oss til plassen dei skulle demonstrere. Om lag 70 demonstrantar møtte fram for å protestere mot dei høge bensinprisane. Demonstrasjonen vart filma av Palestinsk TV og ei handfull journalistar tok bilete.

Demonstrasjonen var i Area A, og difor stod det rundt ti palestinske politimenn med trugande accessoriar som blå skjorte og bart. Dei hadde til og med lagt armane i kross, for verkeleg å skape frykt mellom demonstrantane. I det heile var det ein svært fredeleg demonstrasjon, som stod i klar kontrast til demonstrasjonane mot den israelske okkupasjonen.

To av demonstrantane hadde masker me kjenner att frå cracker-organisasjonen Anonymous, men det meste av tida hadde dei maska i bakhovudet.


Hebron er ein by med om lag ein halv million innbyggjarar. Difor synst eg oppmøtet var heller skralt.

Dagstur til Hebron




Søndag var me i Hebron. Det er altfor mykje å seie om Hebron. Sjølv om det er ein av dei store palestinske byane og i Area A, har israelarane klart å plassere ei busetting midt i gamlebyen. Her bur det om lag 400 israelarar, og endå fleire soldatar. Hovudhandlegata Shuhada street har Israel stengd, og ho ser no ut som ein spøkjelsesby. Noko som har økonomiske og praktiske konsekvensar for palestinarar i ein by som lev av handel. Dei gamle butikkane er konkurs, og palestinarar må gå lange omvegar rundt gata.

Det er umogleg å ikkje sjå apartheidsystemet. Alle israelarar og vestlege kan vandre fritt inn og ut av gata, medan palestinarar, som til og med bur i byen, er stengd ute frå sentrale bydelar. Israelske og palestinske hus står side om side, men i dei palestinske husa vert vatnet stengd av når Israel finn det for godt. Israelske hus har vatnet på heile døgnet, heile året. Nokon er likare enn andre.

Hebron er handelsbyen i Palestina, og ein vert nærast overfalt av kjøpmenn som prøver å prakke på meg alt mogleg. Til fantasiprisar. Ein må altså prute. Og det kryr av små born som prøver å selje oss armband o.l.

I den nye handlegata er har dei plassert eit stort nett over gata for å beskytte folk mot steiner og avfall som dei israelske busettarane kastar ned på dei.
På veg mot Ibrahimi-moskeen og Shuhada street gjekk eg framfor ein israelar gjennom ein metalldetektor. Noko som hadde vore heilt udramatisk, hadde det ikkje vore for at han hadde ein pistol i lomma. Eg kikka nervøst over skulderen, og forventa rabalder.

Taket er det mest estetisk interessante i Ibrahimi-moskeen.
Eg tok feil. Det var heilt udramatisk. Han synte pistolen til "tryggingsvakta" og putta han ned i lomma att medan han gjekk vidare. Alt ved det normale.

For å få oversikt over situasjonen i Hebron er det lurt å ta seg opp på hustak. Det ordnar seg sjølv viss ein ser ut som ein turist. Slik eg gjorde der eg gjekk rundt med to kamera. Før me visste ordet av det hadde ein engelsktalande palestinar leia oss gjennom ein heim og opp på eit hustak medan han peika og forklarte. Der oppe møtte me ei eldre palestinsk dame som stod og hang opp kle. Ho helsa fint og slapp oss forbi. Pris: gratis.

Hebron er surrealistisk.

tirsdag 4. september 2012

Vatnet er vekke



I Noreg har eg lært at kran i øvre
posisjon = vatn. Det gjeld ikkje 
alltid her.
Grrr! I dag tidleg var det sinna-Smurfen som stod opp av senga. Israel, dei tjuvraddane, har skrudd av vatnet vårt att! Det tyder at me må klare oss med vatnet me har lagra i tanken på taket. Det tyder at me må dusje i kaldt vatn. Dette er med andre ord ein dårleg morgon. Me er fem internasjonale her i dag. (to frå Noreg, ei frå Slovenia, ein engelskmann og ein japanar). Vatnet kjem ikkje til å vare lenge...

...Det gjorde det ikkje. Som nummer to i dusjekøen gispa og hutra eg meg gjennom ein iskald dusj på om lag eitt til to minutt. Eg var sistemann som fekk dusja ferdig. Nummer tre i køen rakk å få shampo i håret før det var slutt. Ho fekk dusje ferdig hjå den altfor snille naboen, men det spøkjer for morgondusjen vidare denne veka.

I tillegg til at me ikkje får dusja og vaska hender har me ikkje vatn i sisterna på toalettet. Ekkelt! Me kan ikkje ta oppvasken, eller vaske kle for den del. Dette har skjedd før, difor er me budd og har lagra drikkevatn i kjøleskapet, men om det går tomt må me byrje å kjøpe det på flasker.

Det er godt dokumentert at Israel stel vatn på Vestbreidda. For å trygge ei nærast uavgrensa vassforsyning til dei ulovlege busettingane rundt landsbyen tek Israel vatnet vårt når dei finn det for godt. At vatnet er henta frå grunnvatn i dei okkuperte palestinske områda på Vestbreidda hindrar ikkje Israel i å gjere som dei vil med det. Dei stengjer av vatnet utan forvarsel, og utan å fortelje oss noko om når me kan forvente å få det attende.

Israel bruker 85% av grunnvatnressursane på vestbreidda, og med det dekkar dei om lag 25 prosent av det totale israelske forbruket av vatn. Der israelarane i dei ulovlege busettingane på vestbreidda får 600 liter vatn per innbyggjar per dag, syt Israel for at palestinarar i landsbyane rundt må klare seg med under 100 liter per innbyggjar. Under det WHO har anbefalt som minstenivå.

Difor må det meste av landbruket klare seg med regnvatn og nattedogg.

Sjølv om eg veit at eg kan gå attende til laaange varme dusjar om to og ein halv månad. Det er annleis for palestinarane. Dei er truleg nøydde til å leve med at ei framand militærmakt kontrollerer og tappar grunnvatnet deira så lenge okkupasjonen held fram.

Brønn. Nesten tom brønn.
Hell i uhell. Familien som eig huset me bur i er heldigare enn dei fleste. Dei har tilgang til ein brønn. Brønnen deler familien med fire andre bønder, og er restaurert med stønad frå Europa. Uhell i hell, brønnen er nesten tom :S

Håpar ikkje vatnet er vekke mange dagar.

For ein kortfatta gjennomgang av vatnsituasjonen i Palestina kan de sjå pdf her. Lang rapport har mellom anna Amnesty International laga.