tirsdag 4. september 2012

Vatnet er vekke



I Noreg har eg lært at kran i øvre
posisjon = vatn. Det gjeld ikkje 
alltid her.
Grrr! I dag tidleg var det sinna-Smurfen som stod opp av senga. Israel, dei tjuvraddane, har skrudd av vatnet vårt att! Det tyder at me må klare oss med vatnet me har lagra i tanken på taket. Det tyder at me må dusje i kaldt vatn. Dette er med andre ord ein dårleg morgon. Me er fem internasjonale her i dag. (to frå Noreg, ei frå Slovenia, ein engelskmann og ein japanar). Vatnet kjem ikkje til å vare lenge...

...Det gjorde det ikkje. Som nummer to i dusjekøen gispa og hutra eg meg gjennom ein iskald dusj på om lag eitt til to minutt. Eg var sistemann som fekk dusja ferdig. Nummer tre i køen rakk å få shampo i håret før det var slutt. Ho fekk dusje ferdig hjå den altfor snille naboen, men det spøkjer for morgondusjen vidare denne veka.

I tillegg til at me ikkje får dusja og vaska hender har me ikkje vatn i sisterna på toalettet. Ekkelt! Me kan ikkje ta oppvasken, eller vaske kle for den del. Dette har skjedd før, difor er me budd og har lagra drikkevatn i kjøleskapet, men om det går tomt må me byrje å kjøpe det på flasker.

Det er godt dokumentert at Israel stel vatn på Vestbreidda. For å trygge ei nærast uavgrensa vassforsyning til dei ulovlege busettingane rundt landsbyen tek Israel vatnet vårt når dei finn det for godt. At vatnet er henta frå grunnvatn i dei okkuperte palestinske områda på Vestbreidda hindrar ikkje Israel i å gjere som dei vil med det. Dei stengjer av vatnet utan forvarsel, og utan å fortelje oss noko om når me kan forvente å få det attende.

Israel bruker 85% av grunnvatnressursane på vestbreidda, og med det dekkar dei om lag 25 prosent av det totale israelske forbruket av vatn. Der israelarane i dei ulovlege busettingane på vestbreidda får 600 liter vatn per innbyggjar per dag, syt Israel for at palestinarar i landsbyane rundt må klare seg med under 100 liter per innbyggjar. Under det WHO har anbefalt som minstenivå.

Difor må det meste av landbruket klare seg med regnvatn og nattedogg.

Sjølv om eg veit at eg kan gå attende til laaange varme dusjar om to og ein halv månad. Det er annleis for palestinarane. Dei er truleg nøydde til å leve med at ei framand militærmakt kontrollerer og tappar grunnvatnet deira så lenge okkupasjonen held fram.

Brønn. Nesten tom brønn.
Hell i uhell. Familien som eig huset me bur i er heldigare enn dei fleste. Dei har tilgang til ein brønn. Brønnen deler familien med fire andre bønder, og er restaurert med stønad frå Europa. Uhell i hell, brønnen er nesten tom :S

Håpar ikkje vatnet er vekke mange dagar.

For ein kortfatta gjennomgang av vatnsituasjonen i Palestina kan de sjå pdf her. Lang rapport har mellom anna Amnesty International laga.