torsdag 6. september 2012

Dagstur til Hebron




Søndag var me i Hebron. Det er altfor mykje å seie om Hebron. Sjølv om det er ein av dei store palestinske byane og i Area A, har israelarane klart å plassere ei busetting midt i gamlebyen. Her bur det om lag 400 israelarar, og endå fleire soldatar. Hovudhandlegata Shuhada street har Israel stengd, og ho ser no ut som ein spøkjelsesby. Noko som har økonomiske og praktiske konsekvensar for palestinarar i ein by som lev av handel. Dei gamle butikkane er konkurs, og palestinarar må gå lange omvegar rundt gata.

Det er umogleg å ikkje sjå apartheidsystemet. Alle israelarar og vestlege kan vandre fritt inn og ut av gata, medan palestinarar, som til og med bur i byen, er stengd ute frå sentrale bydelar. Israelske og palestinske hus står side om side, men i dei palestinske husa vert vatnet stengd av når Israel finn det for godt. Israelske hus har vatnet på heile døgnet, heile året. Nokon er likare enn andre.

Hebron er handelsbyen i Palestina, og ein vert nærast overfalt av kjøpmenn som prøver å prakke på meg alt mogleg. Til fantasiprisar. Ein må altså prute. Og det kryr av små born som prøver å selje oss armband o.l.

I den nye handlegata er har dei plassert eit stort nett over gata for å beskytte folk mot steiner og avfall som dei israelske busettarane kastar ned på dei.
På veg mot Ibrahimi-moskeen og Shuhada street gjekk eg framfor ein israelar gjennom ein metalldetektor. Noko som hadde vore heilt udramatisk, hadde det ikkje vore for at han hadde ein pistol i lomma. Eg kikka nervøst over skulderen, og forventa rabalder.

Taket er det mest estetisk interessante i Ibrahimi-moskeen.
Eg tok feil. Det var heilt udramatisk. Han synte pistolen til "tryggingsvakta" og putta han ned i lomma att medan han gjekk vidare. Alt ved det normale.

For å få oversikt over situasjonen i Hebron er det lurt å ta seg opp på hustak. Det ordnar seg sjølv viss ein ser ut som ein turist. Slik eg gjorde der eg gjekk rundt med to kamera. Før me visste ordet av det hadde ein engelsktalande palestinar leia oss gjennom ein heim og opp på eit hustak medan han peika og forklarte. Der oppe møtte me ei eldre palestinsk dame som stod og hang opp kle. Ho helsa fint og slapp oss forbi. Pris: gratis.

Hebron er surrealistisk.