lørdag 15. september 2012

Kaos i Midtausten?

Trass i at eg er i utlandet har eg god tilgang på norske medium.

Overskriftar eg har saksa frå framsida til NRK:
-Direkte fra midtøsten: Se kaoset her.
-Følg dramaet i modtøsten her.
-Få oversikt over kaoset.

Vent no litt. Midtausten? Det er jo her. Eg er i midtausten. Og det er KAOS her? Åj, kva no?

Her i Palestina har dei sjølvsagt internett, og mange har sett videosnutten. Dubba til arabisk. Eg har sett han eg og, på engelsk. Dritdårleg skodespel, dritdårleg dubbing, dritdårlege kulissar, dritdårleg manus, dritdårleg klipping, dritdårleg ljossetting, dritdårleg animasjon, dritdårleg faktasjekking, dritdårleg dritdårleg dritdårleg. Største samlinga av drit eg har sett på lenge.

Dimed er det ikkje rart nett denne videoen var tema då imamen skulle tale til fredagsbønen i dag. Eg var tilfeldigvis til stades på ein fredagsbøn. Utandørs i ein olivenlund. Min arabisk er heller skral, så eg forstod fint lite av det som vart sagt der eg sat under eit oliventre og observerte og prøvde å gjette meg til kva han meinte. Det var ei interessant oppleving likevel. Ikkje minst synst eg det var fine omgjevnader å ha ein gudsteneste i.

Imamen såg ut som ein hyggjeleg mann. Litt eldre enn eg. Litt høglytt, men det var kanskje ikkje noko anna å vente. Han brukte megafon, og eg sat tre meter unna. Det var tydeleg at dette skulle nå langt, for han ropte heile tida. Av og til var det kanskje mogleg å høyre tendensar til harme, men nei. Han såg ikkje spesielt sinna ut. Tilhøyrarane bad litt stille på dei rette plassane. Og dett var dett.

Då talen var over måtte me flytte oss, for dei skulle be mot Mekka.

Frå palestinske nyhende kan eg lese at det faktisk /har/ vore litt opprør i dag i Gaza, Qalqilia og Jerusalem. Fleire dusin har gått i gatene og brent amerikanske flagg og greier. Elles har kristne leiarar her i Palestina gått saman med muslimske leiarar og politikarar skulda filmskaparane for å vere hatefulle og rasistiske.

Eg skriv gjerne under på det.