tirsdag 18. september 2012

Dødehavet


Me har bada i Dødehavet =) Det er spesielt ein ting eg liker med Dødehavet: Sjølv om eg ikkje veit om det er krabber, hai, piraja eller gjedder i vatnet, så veit eg at om dei skulle vere der er dei i alle høve døde.

Åj, så sterke! Legg merke til at fotografen har lurt seg med på biletet.
Om me ser bort frå Jordan, er det meste av vatnet i Dødehavet på palestinsk side av den Grøne Lina, som er meint å vere den framtidige grensa mellom Israel og Palestina. Diverre er området rundt Dødehavet klassifisert som "area C". Det tyder at einkvar ny Palestinsk bygning eller infrastruktur her vert knust av dei israelske okkupasjonsstyrkane. Det tyder at Israel byggjer det dei vil, utan å bry seg med at det er i strid med internasjonal lov. Trass i at dei fleste land i verda, inkl. Noreg, fordømmer det. Det tyder òg at alle badealternativ som gjev høve til å dusje er slike ulovlege israelske badestader.

Når ein kjem opp frå Dødehavet er huda heilt rar og oljete. Kanskje til og med full av gjørme om du har klart å kline det sølet ut over kroppen din. Å grise seg til med gjørme er kjempepopulært ved dødehavet. I Noreg er det barnsleg å teit å smøre seg inn med gjørme. Her er det kult og sunt. Dei seier det er ein spa-greie. Uansett kva ein meiner om det vil dei fleste, som eg, spyle huda rein i ferskvatn etterpå. Sjølv om Israel har skrudd av vatnet i den palestinske heimen, syt Israel for masse ferskvatn å dusje i for sine eigne og turistar ved Dødehavet. Vatn henta frå palestinsk grunnvatn. Det nye er at no får til og med palestinarar lov til å betale Israel for å bade her. Dimed er palestinarane i den absurde situasjon at det lågaste punktet i verda, rett attmed det saltaste vatnet fysikken tillet, er den einaste plassen dei kan dusje i friskt ferskvatn utan å tenkje på at vasstanken på taket snart vert tom.