|
onsdag 12. september 2012
- Sorry, I Couldn't Hear You Over the Sound of Flying Murder
Når dei kjem er det som eit einaste langt torebrak, men ein stjerneklar nattehimmel fortel oss at dette er noko anna. Eg hyrer dei godt, sjølv utan høyreapparat på.
Mot nattehimmelen ser eg dei oransje flammane frå jetmotoren, mellom stjernene. Dei flyg mot syd, før dei svingjer vestover mot Gaza.
Neste morgon les eg om dei i avisa.
tirsdag 11. september 2012
Demonstrasjonane mot PA held fram
![]() |
| Nokon er meir skvetne en andre |
I går nådde demonstrasjonane ein førebels høgdepunkt. Her i Beit Ommar var det skuleungdom som stod for demonstrasjonen. Sjølv om demonstrasjonen var meint å vere mot Salam Fayyad og PA, tok dei ut frustrasjonen mot dei israelske okkupasjonstyrkane. Ein litt surrealistisk kombinasjon, der dei retta plakatar og rop mot PA og brann bildekk og kasta stein mot dei israelske okkupasjonstyrkane.
I Hebron samla det seg store folkemender mot Fayyad og PA, men etter det me fekk rapportert av jordansk tv, gjekk det greitt føre seg. Det gjorde det ikkje i Nablus der palestinsk politi rykka ut med skjold og køller. Både politimenn og demonstrantar vart såra, og dei me sat og såg tv med byrja å snakke om ein tredje intifada mot PA.
![]() |
| Bildekk som brenn er fasinerande :o) |
![]() |
Kva i alle dagar desse soldatane skulle opp på dette taket for
forstår ikkje eg
|
Salam Fayyad er det ingen i Palestina som stør. I alle høve ingen eg har møtt. Han er innsett av USA, og vert omtala som ein landssvikar. I det heile bruker dei store ord her. Måten Abu Mazen har gått ut for å stø Fayyad er veldig upopulær her, og folk seier Abu Mazen kjem til å gå med i fallet om det ikkje kjem nokon løysing snart. Slik eg ser det er det underleg at Abu Mazen ikkje berre ofrar Salam Fayyad. Palestinarane seier det er av di Abu Mazen ikkje har makt til å gjere noko slikt. Berre USA kan fjerne Fayyad, seier dei, og meir enn ymtar at han er marionettdokke for USA.
Missnøya mot Abu Mazen og forhandlingslina stig, og mange er frustrerte over at han enno ikkje har noko som helst å syne til av resultat frå forhandlingane. Påstanden frå PA om at dei er tom for pengar er det liten tillit til, og folk spekulerer i om Abu Mazen ynskjer dette opprøret velkomen. Det skal ikkje mykje til for å tenkje seg at Abu Mazen no reiser rundt i verda og peiker på opprøret medan han ber om meir pengar. Utan Abu Mazen er det slutt på forhandlingslina.
I dag har Fayyad gått ut og lova å kutte meirverdavgifta til 15% (frå 17%) og at drivstoffprisane skal ned på augustnivå att frå og med neste månad. Vidare lovar han at alle offentleg tilsette skal få halvparten av si lønning i morgon og resten i slutten av veka. Dei eg har snakka med til no er skeptiske, og trur Fayyad freistar å kjøpe tid. Me får sjå.
søndag 9. september 2012
Kviledag
Åi, dette var noko anna. Eit heilt hotellrom, berre for meg sjølv. Stilen var litt, ehm. Vel, eg skal ikkje klage. Rom for seg sjølv er eit kjærkoment avbrekk etter å ha delt rom med to andre i tre veker. Søndag er fridag, difor køyrde me til Ramallah igår kveld.
På veg inn i byen fekk me sjå nok eit døme på demonstrasjonar mot PA. Ei av gatene var full av brennande bildekk, og me måtte køyre ein liten omveg. Sett bort frå brannen var det lite dramatikk. Dette var i Area A(utgjer 2,7/18% av Vestbreidda), under Palestinsk kontroll, PA og Palestinsk politi har gjeve demonstrantane fritt spelerom til å gjere kva dei vil, så lenge dei ikkje går laus på eigendom eller folk. Eigentleg ein god strategi for å ta brodden av demonstrasjonane, viss det er det dei er ute etter. Demonstrasjon utan konfrontasjon er ikkje like morosamt.
Demonstrantane krev at Salam Fayyad går av og at PA forkastar Parisprotokollen, ein del av Oslo 1. Parisprotokollen seier at Israel skal samle inn skatt og avgifter, og gjev Israel kontroll over avgiftsnivået i Palestina. Israel har fleire gonger misbrukt avtalen til å halde attende pengar, og på den måten sultefora PA. Abu Mazen(Mahmoud Abbas) ser ut til å stå støtt i vinden.
Idag skal me farte rundt i Ramallah, og sjå kva byen kan by på, før me tek bussen heim att.
Demonstrasjonane tek seg opp
| Hebron 6. september. Ein god del fleire enn sundagen. |
Tordsag 6. september var prega av demonstrasjonar mot PA grunna brutale aukingar i prisar på viktige varar. Med bensin og mjøl som dei klaraste døma. Prisen på 50kg mjøl har auka med over 60%, medan prisen på bensin har stige med over 20%. Meir enn nok til å knekke ryggen på økonomien i mangfoldige hushald her i Palestina. Arbeidsløysa er over 15%. Offentleg tilsette har fått lønningane kutta, og lønna alltid for seint utbetalt. Denne månaden har dei ennå ikkje fått nokon dato. Etter den andre Intifada stengde Israel for palestinsk eksport. Bønder måtte plutseleg selgje alt på den lokale marknaden, og prisen kollapsa. Resultatet er fattige bønder.
Folk flest har ikkje lengre råd til å leve, difor var det massestreik i heile Palestina med krav om at Salam Fayyad må gå av og at PA må forkaste Parisprotokollen, ein del av Oslo 1. To palestinarar på vestbreidda har dynka seg i bensin mellom tysdag 4. til torsdag 6. september, men begge vart stoppa før dei rakk å sette fyr på seg sjølv. På Gaza brann ein desperat mann seg ihel. Alt frå drosje-sjåførar til universitets og skuletilsette streika to timar toradsg. Det går no ry om at det vert streik i universiteta ut veka neste veke.
torsdag 6. september 2012
Demo mot PA
Me fekk eit tips om at det skulle finne stad ein demonstrasjon mot dei palestinske sjølvstyremydigheitene(PA) i Hebron medan me var der. Nyfikne som me var tok me oss til plassen dei skulle demonstrere. Om lag 70 demonstrantar møtte fram for å protestere mot dei høge bensinprisane. Demonstrasjonen vart filma av Palestinsk TV og ei handfull journalistar tok bilete.
Demonstrasjonen var i Area A, og difor stod det rundt ti palestinske politimenn med trugande accessoriar som blå skjorte og bart. Dei hadde til og med lagt armane i kross, for verkeleg å skape frykt mellom demonstrantane. I det heile var det ein svært fredeleg demonstrasjon, som stod i klar kontrast til demonstrasjonane mot den israelske okkupasjonen.
To av demonstrantane hadde masker me kjenner att frå cracker-organisasjonen Anonymous, men det meste av tida hadde dei maska i bakhovudet.Hebron er ein by med om lag ein halv million innbyggjarar. Difor synst eg oppmøtet var heller skralt.
Dagstur til Hebron
Søndag var me i Hebron. Det er altfor mykje å seie om Hebron. Sjølv om det er ein av dei store palestinske byane og i Area A, har israelarane klart å plassere ei busetting midt i gamlebyen. Her bur det om lag 400 israelarar, og endå fleire soldatar. Hovudhandlegata Shuhada street har Israel stengd, og ho ser no ut som ein spøkjelsesby. Noko som har økonomiske og praktiske konsekvensar for palestinarar i ein by som lev av handel. Dei gamle butikkane er konkurs, og palestinarar må gå lange omvegar rundt gata.
Det er umogleg å ikkje sjå apartheidsystemet. Alle israelarar og vestlege kan vandre fritt inn og ut av gata, medan palestinarar, som til og med bur i byen, er stengd ute frå sentrale bydelar. Israelske og palestinske hus står side om side, men i dei palestinske husa vert vatnet stengd av når Israel finn det for godt. Israelske hus har vatnet på heile døgnet, heile året. Nokon er likare enn andre.I den nye handlegata er har dei plassert eit stort nett over gata for å beskytte folk mot steiner og avfall som dei israelske busettarane kastar ned på dei.
På veg mot Ibrahimi-moskeen og Shuhada street gjekk eg framfor ein israelar gjennom ein metalldetektor. Noko som hadde vore heilt udramatisk, hadde det ikkje vore for at han hadde ein pistol i lomma. Eg kikka nervøst over skulderen, og forventa rabalder.
![]() |
| Taket er det mest estetisk interessante i Ibrahimi-moskeen. |
For å få oversikt over situasjonen i Hebron er det lurt å ta seg opp på hustak. Det ordnar seg sjølv viss ein ser ut som ein turist. Slik eg gjorde der eg gjekk rundt med to kamera. Før me visste ordet av det hadde ein engelsktalande palestinar leia oss gjennom ein heim og opp på eit hustak medan han peika og forklarte. Der oppe møtte me ei eldre palestinsk dame som stod og hang opp kle. Ho helsa fint og slapp oss forbi. Pris: gratis.
Hebron er surrealistisk.
tirsdag 4. september 2012
Vatnet er vekke
I Noreg har eg lært at kran i øvre
posisjon = vatn. Det gjeld ikkje
alltid her.
|
...Det gjorde det ikkje. Som nummer to i dusjekøen gispa og hutra eg meg gjennom ein iskald dusj på om lag eitt til to minutt. Eg var sistemann som fekk dusja ferdig. Nummer tre i køen rakk å få shampo i håret før det var slutt. Ho fekk dusje ferdig hjå den altfor snille naboen, men det spøkjer for morgondusjen vidare denne veka.
I tillegg til at me ikkje får dusja og vaska hender har me ikkje vatn i sisterna på toalettet. Ekkelt! Me kan ikkje ta oppvasken, eller vaske kle for den del. Dette har skjedd før, difor er me budd og har lagra drikkevatn i kjøleskapet, men om det går tomt må me byrje å kjøpe det på flasker.
Det er godt dokumentert at Israel stel vatn på Vestbreidda. For å trygge ei nærast uavgrensa vassforsyning til dei ulovlege busettingane rundt landsbyen tek Israel vatnet vårt når dei finn det for godt. At vatnet er henta frå grunnvatn i dei okkuperte palestinske områda på Vestbreidda hindrar ikkje Israel i å gjere som dei vil med det. Dei stengjer av vatnet utan forvarsel, og utan å fortelje oss noko om når me kan forvente å få det attende.
Israel bruker 85% av grunnvatnressursane på vestbreidda, og med det dekkar dei om lag 25 prosent av det totale israelske forbruket av vatn. Der israelarane i dei ulovlege busettingane på vestbreidda får 600 liter vatn per innbyggjar per dag, syt Israel for at palestinarar i landsbyane rundt må klare seg med under 100 liter per innbyggjar. Under det WHO har anbefalt som minstenivå.
Difor må det meste av landbruket klare seg med regnvatn og nattedogg.
Sjølv om eg veit at eg kan gå attende til laaange varme dusjar om to og ein halv månad. Det er annleis for palestinarane. Dei er truleg nøydde til å leve med at ei framand militærmakt kontrollerer og tappar grunnvatnet deira så lenge okkupasjonen held fram.
![]() |
| Brønn. Nesten tom brønn. |
Håpar ikkje vatnet er vekke mange dagar.
For ein kortfatta gjennomgang av vatnsituasjonen i Palestina kan de sjå pdf her. Lang rapport har mellom anna Amnesty International laga.
Abonner på:
Innlegg (Atom)





